Nabolagsverkstaden
Sosialt Mål
Alle fortener hjelpa, kompetansen, verktøya og plassen dei treng for å ta vare på tinga sine og heimen sin, til det beste for beredskapen, klimaet og lokalmiljøa. Difor finst Nabolagsverkstaden. Me skal gjere det enkelt å ta bêrekraftige val i nærleiken av der folk bur og på ein måte som dei faktisk har råd til.
Forretningsidé
Nabolagsverkstaden skal verte ei ikkje-kommersiell stifting som har verkstadareale, verktøy og kompetanse på reparasjonar, redesign og trearbeid som me lånar ut gratis til alle som treng det. Her på Romsås bur mange tett, er lågtløna, jobbar ufriviljug deltid, er i utfordrande sosiale miljø eller er utanfor arbeidslivet. Dei økonomiske hindera med reparasjonar fangar folk i ein bruk-og-kast-syklus. Gjennom å fjerne desse hindera kan me gje denne gruppa eit kraftig levekårsløft. Nabolagsverkstaden er inspirert av god gamaldags samdrift, Deichman sitt utlånssystem for verktøy og symaskinar, skaparverkstadar som Bitraf og Kroloftet og stiftinga Bua som driv storstilt utlån av sports- og friluftsutstyr.
Bakgrunn
Robin har dagjobb i ein sivilsamfunnsorganisasjon, og har vore aktiv på alle nivå i norsk organisasjonsliv i snart to tiår. I ballasten har han ein bachelorgrad i internasjonale studium med fordjuping i statsvitskap og ei praksisbasert journalistutdanning for nynorskbrukarar. Om eit halvt år langt Fritt Ord-prosjekt i Latin-Amerika eller å mest doble driftsbudsjettet på ein tidlegare arbeidsplass er nokon indikasjon, so er det lite tvil om at han kan prosjektstyring. Robin driver ein friviljug-basert bokkafé på Grønland i tillegg til å vere hobbysnikkar og alt-mogleg-mann i venegjengen sin.
Kontakt
Epost: post@nabolagsverkstaden.no
Instagram: @nabolagsverkstaden
Bluesky: @nabolagsverkstaden.bsky.social